I Praha tar du på deg nettingstrømper
Og eggjer meg i prismekroners glans.
Mens skuggane blir levande på veggen,
Så danser du ein heftig flamedans.
I Wien les eg linjene i handa
Og sveiper deg i svarte enkeslør.
Bak stengde dører veit eg du kan tåla
Ei iskald einsemd skapt av engleklør.
I München vil du mana meg til glømsel
Og maler munnen raud med leppstift
Så mine uskyldauge aldri sansar
Den kalde, mørke viljes sterke drift.
I Stockholm søv du trygt på silkelaken.
Eg smør deg varsomt inn med blomeeim.
Fortapte skal med slokkast i kvarandre.
To trøtte sjeler som vil lengta heim.
Men her så kan eg berre slokka lyset,
Snu ryggen til og kviskra eit "godnatt".
I Florlette gardiner kveles elden.
Og alle spor av glør har vinden tatt.