Med din merkurmunn i eit misjonsmagasin
Og dine auge som røyk og dine bøner som rim
Og din sølvkross klår, og di klokkerøyst som skin
Å, kven iblant dei trur dei kunne handtere deg?
Med dine lommer godt beskytta til sist
Og dine sporvognsyner som du legg i graset, visst
Og din lekam som silke, og ditt glasandlet så trist
Kven iblant dei trur dei kunne bere deg?
Sorgsame kvinne ifrå Jæren
Der den sorgsame profeten seier ingen ærend har
Mitt lagerblikk, min arabiske gitar
Skal eg setje dei ved grinda di
Eller, sorgsame kvinne, skal eg bli?
Med ditt kniplingsbelte og dine laken i press
Og din kortstokk som manglar hjarterknekt og spar ess
Og ditt hole andlet og din kjellarbuksedress
Kven iblant dei kan tru han kunne parkere deg?
Med din silhuett når sollyset svinn
Inni auga dine der måneskinet vinn
Og din fyrstikksong og sigøynarsalmen din
Kven iblant dei ville freiste å imponere deg?
Sorgsame kvinne ifrå Jæren
Der den sorgsame profeten seier ingen ærend har
Mitt lagerblikk, min arabiske gitar
Skal eg setje dei ved grinda di
Eller, sorgsame kvinne, skal eg bli?
Alle Tyrus' kongar legg fangelista ned
Og ventar på sine geraniumskyss på kne
Og du ville ikkje visst det var slik det skulle skje
Men kven iblant dei er nøgd med berre å kysse deg?
Med dine barndoms flammer på midnattsrya di
Og dine spanske manerar og mor di sin medisin
Og din cowboymunn og dine nattpluggar i eit skrin
Kven iblant dei trur du kunne tole å miste deg?
Sorgsame kvinne ifrå Jæren
Der den sorgsame profeten seier ingen ærend har
Mitt lagerblikk, min arabiske gitar
Skal eg setje dei ved grinda di
Eller, sorgsame kvinne, skal eg bli?
Å, bøndene og bankfolka vart samde om i lag
Å syne deg kor dei daude englane ligg ein vakker dag
Men korfor tok dei deg til å støtte deira sak?
Å, koss kunne dei i det heile ta feil av deg?
Dei ønskte du tok på deg gardens skuld og skam
Men med havet framfor deg og ein svindelfalsk alarm
Og med slampen sitt spedbarn omsveipt i din famn
Koss kunne dei i det heile ha leia deg?
Sorgsame kvinne ifrå Jæren
Der den sorgsame profeten seier ingen ærend har
Mitt lagerblikk, min arabiske gitar
Skal eg setje dei ved grinda di
Eller, sorgsame kvinne, skal eg bli?
Med ditt folieminne frå Tårngata to
Og din tidsskriftshusbond som ein dag berre drog
Og godheita di, som du ikkje kan hjelpe for no
Kven iblant dei trur du ville tilsetje deg?
No står du med din tjuv, du er på hans vakt
Med den heilage brosjen som fingrane dine lukkar att
Og ditt helgenandlet og di sjel som ei mørk natt
Å, kven iblant dei trur du kunne knekkje deg?
Sorgsame kvinne ifrå Jæren
Der den sorgsame profeten seier ingen ærend har
Mitt lagerblikk, min arabiske gitar
Skal eg setje dei ved grinda di
Eller, sorgsame kvinne, skal eg bli?