Tom Roger Aadland - Sorgsame kvinne ifrå Jæren lyrics

Published

0 81 0

Tom Roger Aadland - Sorgsame kvinne ifrå Jæren lyrics

Med din merkurmunn i eit misjonsmagasin Og dine auge som røyk og dine bøner som rim Og din sølvkross klår, og di klokkerøyst som skin Å, kven iblant dei trur dei kunne handtere deg? Med dine lommer godt beskytta til sist Og dine sporvognsyner som du legg i graset, visst Og din lekam som silke, og ditt glasandlet så trist Kven iblant dei trur dei kunne bere deg? Sorgsame kvinne ifrå Jæren Der den sorgsame profeten seier ingen ærend har Mitt lagerblikk, min arabiske gitar Skal eg setje dei ved grinda di Eller, sorgsame kvinne, skal eg bli? Med ditt kniplingsbelte og dine laken i press Og din kortstokk som manglar hjarterknekt og spar ess Og ditt hole andlet og din kjellarbuksedress Kven iblant dei kan tru han kunne parkere deg? Med din silhuett når sollyset svinn Inni auga dine der måneskinet vinn Og din fyrstikksong og sigøynarsalmen din Kven iblant dei ville freiste å imponere deg? Sorgsame kvinne ifrå Jæren Der den sorgsame profeten seier ingen ærend har Mitt lagerblikk, min arabiske gitar Skal eg setje dei ved grinda di Eller, sorgsame kvinne, skal eg bli? Alle Tyrus' kongar legg fangelista ned Og ventar på sine geraniumskyss på kne Og du ville ikkje visst det var slik det skulle skje Men kven iblant dei er nøgd med berre å kysse deg? Med dine barndoms flammer på midnattsrya di Og dine spanske manerar og mor di sin medisin Og din cowboymunn og dine nattpluggar i eit skrin Kven iblant dei trur du kunne tole å miste deg? Sorgsame kvinne ifrå Jæren Der den sorgsame profeten seier ingen ærend har Mitt lagerblikk, min arabiske gitar Skal eg setje dei ved grinda di Eller, sorgsame kvinne, skal eg bli? Å, bøndene og bankfolka vart samde om i lag Å syne deg kor dei daude englane ligg ein vakker dag Men korfor tok dei deg til å støtte deira sak? Å, koss kunne dei i det heile ta feil av deg? Dei ønskte du tok på deg gardens skuld og skam Men med havet framfor deg og ein svindelfalsk alarm Og med slampen sitt spedbarn omsveipt i din famn Koss kunne dei i det heile ha leia deg? Sorgsame kvinne ifrå Jæren Der den sorgsame profeten seier ingen ærend har Mitt lagerblikk, min arabiske gitar Skal eg setje dei ved grinda di Eller, sorgsame kvinne, skal eg bli? Med ditt folieminne frå Tårngata to Og din tidsskriftshusbond som ein dag berre drog Og godheita di, som du ikkje kan hjelpe for no Kven iblant dei trur du ville tilsetje deg? No står du med din tjuv, du er på hans vakt Med den heilage brosjen som fingrane dine lukkar att Og ditt helgenandlet og di sjel som ei mørk natt Å, kven iblant dei trur du kunne knekkje deg? Sorgsame kvinne ifrå Jæren Der den sorgsame profeten seier ingen ærend har Mitt lagerblikk, min arabiske gitar Skal eg setje dei ved grinda di Eller, sorgsame kvinne, skal eg bli?