Dei sat i parken, ho og han
Medan kveldsljoset på himmelen svann
Ho såg på han og blikket brann gjennom marg og bein
Då kjende han seg einsam, han skulle ha gått fri
Og akta seg for lagnaden sin vri
Dei gjekk i lag der elva rann
Ho var litt ør, det same var han
Dei tok inn på eit hotell dei fann med eit skilt som lyste klart
Natteheten trefte han hardt, som eit godslokomotiv
Drive fram av lagnaden sin vri
Langt borte spelte ein fiolin
Ho gjekk langs arkaden, ung og fin
Medan ljoset slo gjennom ei slitt gardin der han vakna opp
Slapp ho pengar oppi koppen til ein blind mann ho gjekk forbi
Og gløymde alt om lagnaden sin vri
Han vakna opp, ho var kje der
Det tomme rommet var alt som var
Han sa han ikkje tok seg nær av at ho ville gå
Det tomme som han kjende på fann han inga meining i
Det kom på han med lagnaden sin vri
Han høyrer tikkinga av klokker no
Og går med ein fugl som pratar nokre ord
Nede ved hamna finn han hennar spor, der seglskipa kjem inn
Kan hende vel ho han igjen, kven veit når det vil bli
Han ventar på lagnaden sin vri
Folk seier det er synd og skam
Å sleppe kjensler og draumar fram
Eg trur framleis at me høyrde saman, men det er slik det går
Ho vart fødd ein vår, men eg til galen tid
Legg all skuld på lagnaden sin vri