Tom Roger Aadland - Lagnaden sin vri lyrics

Published

0 134 0

Tom Roger Aadland - Lagnaden sin vri lyrics

Dei sat i parken, ho og han Medan kveldsljoset på himmelen svann Ho såg på han og blikket brann gjennom marg og bein Då kjende han seg einsam, han skulle ha gått fri Og akta seg for lagnaden sin vri Dei gjekk i lag der elva rann Ho var litt ør, det same var han Dei tok inn på eit hotell dei fann med eit skilt som lyste klart Natteheten trefte han hardt, som eit godslokomotiv Drive fram av lagnaden sin vri Langt borte spelte ein fiolin Ho gjekk langs arkaden, ung og fin Medan ljoset slo gjennom ei slitt gardin der han vakna opp Slapp ho pengar oppi koppen til ein blind mann ho gjekk forbi Og gløymde alt om lagnaden sin vri Han vakna opp, ho var kje der Det tomme rommet var alt som var Han sa han ikkje tok seg nær av at ho ville gå Det tomme som han kjende på fann han inga meining i Det kom på han med lagnaden sin vri Han høyrer tikkinga av klokker no Og går med ein fugl som pratar nokre ord Nede ved hamna finn han hennar spor, der seglskipa kjem inn Kan hende vel ho han igjen, kven veit når det vil bli Han ventar på lagnaden sin vri Folk seier det er synd og skam Å sleppe kjensler og draumar fram Eg trur framleis at me høyrde saman, men det er slik det går Ho vart fødd ein vår, men eg til galen tid Legg all skuld på lagnaden sin vri