Det var den heilage påskemorgun eg
Sille til kyrkja ride.
Så sprette eg på meg mitt sprotabelte,
Det glima våri så vide.
I Roelunden der kjenner dei meg.
I Roelunden der kjenner dei meg.
Som eg meg i kyrja kom
-då folkjet på kne monne falle
Så mange som på sitt belte såg,
Dei gløymde på Gud å kalle.
Og presten framfer altaret stod,
Alt med si lærde tunge.
Då han vart vari beltet mitt,
Han gløymde bå' lesa å sjunge.
Så baud dei meg tvo stutar.
Og båe så vare dei kvite.
Eg ville kje selje mitt belte burt,
-eg totte det var fer lite.
Så baud dei meg bå' sylv og gull
Og mælte det upp i skåler.
Men då eg inkje mitt belte selde,
Då gjorde eg som ein dåre!
Og som eg då heimatt frå kyrkja kom
-eg vart i så galne tankar
Slå bytte eg burt beltet mitt,
Fekk att eit fillepar hanskar.
Fer beltet mitt var inkje så mæt,
Som det var sjåande på:
Hakane var av sikebeinskjakar,
Og beltet av langehalm-strå...