Om mi sorg so vil eg kveda
For ho kvile tungt på meg.
Og eg finn so liti gleda
Kor eg vankar på min veg.
For mitt hjarta det er såra
I min ljose ungdomsdraum,
Så eg gjenge her som dåra
Og på livet gjev ei gaum.
Men eg vonar eg må finne
Ein gong meg ein trugen ven,
Som mitt hjarta kan forbinde
Så det såret gror igjen.
Ein som vil meg trufast væra
Inntil livets seinste kveld:
Som vil børi med meg bæra
Når ho stundom tung meg fell.
Soli seg bak åsen gjøymer
Og eg s*utta må min sang.
Mange minner på meg strøymer.
Bitre tårer fell i fang.
Men eg ynskjer deg til gaman
Og til s*utt ein heilag fred:
Og at me må koma saman
Før vår livssol den gjeng ned!