Om mi sorg so vil eg kveda For ho kvile tungt på meg. Og eg finn so liti gleda Kor eg vankar på min veg. For mitt hjarta det er såra I min ljose ungdomsdraum, Så eg gjenge her som dåra Og på livet gjev ei gaum. Men eg vonar eg må finne Ein gong meg ein trugen ven, Som mitt hjarta kan forbinde Så det såret gror igjen. Ein som vil meg trufast væra Inntil livets seinste kveld: Som vil børi med meg bæra Når ho stundom tung meg fell. Soli seg bak åsen gjøymer Og eg s*utta må min sang. Mange minner på meg strøymer. Bitre tårer fell i fang. Men eg ynskjer deg til gaman Og til s*utt ein heilag fred: Og at me må koma saman Før vår livssol den gjeng ned!