Vamp - Vise til våren lyrics

Published

0 140 0

Vamp - Vise til våren lyrics

Når vibå e komen, og vårsolå blør - over havet - ved bligredagsleitet; Då ungdommen vaknar - og barndommen dør; Og rett mange dei ynskjer - og veit det. Ein held om ei ung og ei jentemjuk hand; Når han går heim frå helgenattsdansen. Og guten ho leier er heit som ein brann, Men han fryse - i solrenningsglansen. Og ingen veit heilt kvar dei gjere seg av, For dei fotlette fara i snøen, Vert vaska av regn som sig inn i fra hav - og snart skine det grønt over bøen. Hald i handa mi du. Hald meg tett innte deg. Hald meg slik at eg kjenne eg leve! Det kveldest så - etter ein vårvarme dag, Og foreldra spøre - og ber enn. Men det bryr ikkje dei to som søve i lag - og no sige det natt over jæren. Slik ligge dei fredfullt og søve dei to - dei som no er dei enaste rette - - med hender som famnar, men ligge i ro - dei er kvinne og mann etter dette-