Odd Nordstoga - Borga i Ur lyrics

Published

0 189 0

Odd Nordstoga - Borga i Ur lyrics

To elvar renn gjennom landet Ur Møtest der, og høgt frå ein mur Ser du opptog med faner og vimplar i vind; Der elvane møtest skrid opptoget inn Eit bord med safirpynta beger av gull Hyller med kunnskap, rull på rull Salar med strengespel, song og lått Ringdans med fløyter og harpeslått Så snør det i landet: gløymslesnø Borte blir borga og gløymde dei brød Som metta dei fem tusen munnar frå korg: Andlet ber blindt på ei tusenårssorg Og ingen kan minnast dei linne drag I dronningas andlet den f*gre dag Då landet her kvilte i heilag fred Og alle hadde kjærleik å elske med Ei dør slår opp i den stille kveld Gjennom opningen anar du skinet av eld Og stemmer som vinden ber fram der du trør: Dette er noko du kjenner frå før Ei hand spelar terning i fakkelskin Ein fot trør i dans under ljost, mjukt lin; Dei er her, dine bortgløymde systrer og brør: Dette er noko du kjenner frå før Gløym slitet for glede og frykta for sorg; Det er her, alt du treng, det er brød i ei korg Frå eit løyndomsfullt bord i så fast ei borg Sjå her, her er dagen som renn Sjå her, her stig sola for deg Sjå her er ei korg med brød for alle I borga i landet Ur