Mistur - Armod lyrics

Published

0 124 0

Mistur - Armod lyrics

Gudane sine isande vindar Pustar i glørne Svart jarn skal smiast Det stundar mot strid Gudane sitt renkespel Legg kvar ein mann sitt sinn i mørkre Sviket ligg tett oppunder huda Når kampen er mot armod og svolt Marka, gold, kald og hard Gjer menn til beist når dei no spring i hast Mot næraste grannegard vergelaus den ligg For nauda har tvunge grannen ut i viking So her kan sviket herja Skrik og otte Angest og daud Er det som har kome til garden Ei plyndring Av korn, buskap og uskuld Og ei ætteline endar I ein lòge av eld Endeleg eit langskip bryt stille hav På sin heimveg, no skal det feirast Eit tokt er kruna med siger og hell Ein krigar tenkjer I kveld vert det lått på garden Svart i augo lik ein hund frå Helheim Kjem ein granne med bod om hemn Denne natta held dauden ei veitsle For dei arme svikarar Og når dei alle har andast Ein siste gong Står grannen bøygd med vissa Om at sjela si armod aldri vert sløkt