Lillebjørn Nilsen - Ola Tveiten lyrics

Published

0 372 0

Lillebjørn Nilsen - Ola Tveiten lyrics

Eg heiter Ola Tveiten og eg er ein arbeidsmann. Eg eig ein traktor og meg sjøl og gjer så godt eg kan. Og bjørnen ligg i sitt vinterhi. Men det gjer ikkje eg. For i heile vinter har eg vare med og rydda veg. Og vegen bli fin og brei og slett. -Sudelida sudelidei! Den finaste eg har sett. -Sudelida sudelidei! Nei, det var ingen krøttersti. Om ikkje han ligg her til evig tid Så skal eg eta opp lua mi -Sudelida sudelidei! Tra la lalala la! Fyll opp mitt tomme krus! Og eg har vel lempa pukkstein og eg har vel lempa grus. Og eg har vel lengta heim ein gong til kjerring og til hus. Og eg har vel budd i brakke i vekevis i trekk.. Og eg har vel banna om kvelden og ønska meg ti mil vekk. For dagen var lang og han var svart. -Sudelida sudelidei! Arbeidet var tungt og hardt. -Sudelida sudelidei! Spør du meg skal du få svar At det var arbeid for ein kar Ifrå oktober til januar. -Sudelida sudelidei! Tra la lalala la l Fyll opp mitt tomme krus! Og snart skal vegen opnast med mange store ord. Og får vi sjå ein kakse som kan klippe av ei snor. Og narren står og smiler – vi har sett det så ofte før – Og held sin takketale for den stolte kontraktør. Så ropar dei alle høgt: hurra! -Sudelida sudelidei! Og får biletet sitt i bla'. Sudelida sudelidei! Men du finn nok ikkje oss Blant alle dei fine folk i floss. Nei, du kan be dei dra til Moss! -Sudelida sudelidei! Tra la lalala la! Fyll opp mitt tomme krus! Og når du sitt i bilen din ein skinnande sommardag, Så send ein venleg tanke til eit trufast arbeidslag Som har jobba seg frametter vegen fleirfaldige tunge mil For at du skal få trø på ein ga**pedal og kjøre kvarhelst du vil. Mens vi rydda vegen bit for bit. -Sudelida sudelidei! Kvar meter har kosta slit. -Sudelida sudelidei! Men vegen skal du ha. Om ikkje du tykkjer han er bra Lukt til helvete kan du dra! -Sudelida sudelidei! Tra la lalala la! Fyll opp mitt tomme krus!