Lillebjørn Nilsen - John Riley lyrics

Published

0 102 0

Lillebjørn Nilsen - John Riley lyrics

Eg gjekk meg ut ein morgon tidleg Og anda inn den svale vind. Kven anna såg enn f*ger jenta Med mjuke liljekvite kinn. Eg stogga henne og blidt eg spurde: Sei, vil du vera ein sjømanns viv? Å nei, gode herre, eg vil heller vente Og leva møy i all mi tid. Kva gjer dei annleis enn alle andre, Kva gjer deg annleis enn alt som er? Så ung og fjåg, så fin og f*ger, Du kan ekte meg om du har meg kjær. Å nei, gode herre, eg kunne vore For tre år sidan i ektestand, Men min John Riley han drog or landet, Og eg ber enno sorg for han. Far bort med meg og gløym din Riley, Far bort med meg til ei framand strand, Så set vi segl for Pensilvani, Farvel for alltid til Engeland. Eg fer kje med deg til Pensilvani, Eg fer kje med deg til ei framand strand. Om aldri meir eg får sjå min Riley, Rett aldri gløymer mitt hjarta han. Då han no såg at ho var trugen, Då tok han henne i famnen inn: Eg er den Riley som sårt du sakna, Den lenge sørgde kjærvenen din. Om du er han og ditt namn er Riley Då fer eg med deg til ei framand strand, Så set vi segl for Pensilvani, Farvel for alltid til Engeland Dei knytta band med hug og hjarta, Til kyrkja gjekk dei hand i hand, Og segl dei dette for Pensilvani, Og levde sælt i ektestand.