Lillebjørn Nilsen - Vidvinkel stev lyrics

Published

0 147 0

Lillebjørn Nilsen - Vidvinkel stev lyrics

Det var ein tidleg morgon at eg gjekk i skogen inn. Eg fann ei edel kvinne der med rose-raude kinn. Eg sa:" Kva gjer ei møy som deg i svarte skogen her?" "Eg tek snap-shots med mitt kamera!" sa ho då eg kom nær. "Det er ein merke-dag det her, mi kjære møy!" sa eg. "For eg er og ein fotograf med same mål som deg." Så fekk ho ta min Nikon F i hennar kvite hand. Ho sa: "Så flott eit apparat du har, min gode mann!" Mitt kamera lika ho så vel, at utan ventetid Så opna ho den fløyel kledte kamera-veska si. "Slikt utstyr har eg aldri sett, mi kjære møy..." sa eg. "Lat meg få dra stativet ut, så tek vi same veg." Så knipsa vi mot solefall og så mot låvedør. Uvande vinklar fann vi flust; som ikkje var funne før. Ho hadde open blendar og lang eksponeringstid. Eg hadde farga filter på mitt tele-objektiv. Slikt lag med film og kamera har eg aldri sett, min ven! Ho hadd'kje før fått rullen ut så var ho budd igjen. Og når til sist eg såg at det var s*utt på filmen min, - så fanga ho oss både inn med sjølutløysar'n sin. Ho sa: "Eg har hatt Kodak. Eg har hatt ein Ha**elblad. Pentax og Minolta tykte eg var nokså bra. Yashika og Olympus kunne også godt gå an. Men å knipsa med din Nikon F var topp, min gode mann!"