Mannen, han gjekk seg i vedaskog Heifara, i vedaskog Då sat det ei kråke i lunden og gol Heifara. Falturilturaltura Mannen, han tenkte med sjølve seg Heifara, med sjølve seg: Å tru no den kråka vil drepa meg? Heifara. Falturilturaltura Og mannen, han spente sin boge for kne Heifara, sin boge for kne Så skaut han den kråka så ho datt ned Heifara. Falturilturaltura Så spente han føre dei folane tolv Heifara, dei folane tolv Då køyrde han kråka på låvegolv Heifara. Falturilturaltura Av skinnet så gjorde han tolv par skor Heifara, tolv par skor Det beste paret det gav han til mor Heifara. Falturilturaltura Og kjøtet, det salta'n i tynner og fat Heifara, i tynner og fat Og tunga den hadde'n til jolemat Heifara. Falturilturaltura Av tarmane gjorde han tolv par reip Heifara, tolv par reip Og klørne dei brukte'n til møkkagreip Heifara. Falturilturaltura Av augo så gjorde han stoveglas Heifara, stoveglas Og nakken den sette'n på kyrkja til stas Heifara. Falturilturaltura Og den som 'kje kråka kan nytta så Heifara, kan nytta så Han var ikkje verd 'e ei kråke å få Heifara. Falturilturaltura