Lillebjørn Nilsen - Gagnløysa lyrics

Published

0 74 0

Lillebjørn Nilsen - Gagnløysa lyrics

Eg vil så gjerne syngja og veit meg ingen song. Kvar stubben som eg veit hev eg sungje. På fusk og filleviser var saktens ingen trong Av slike ting det har me ein dungje Men mangt, så lyt ein nytta når inkje betre finst Då lyt ein ofte taka den ting ein vyrde minst Slikt hendar både keisar og kungje Og sume dei diktar om elskhugen mest Om blomstrande kinner og kjakar Ja kunne det no vara så var det vel best Det er snilt te sjå to elskande makar Men kjærleiken minkar og møda ho veks Den smilande vekja vert ei rukkuter heks Så den ting heve og sine hakar Og sume del diktar om friheiti snilt At alle mann er like dei meinar Men ende er eg redd om det er aldri så gildt Det skiljer seg då herrar og sveinar Den mann som heve makta fær friheiti nok Men fær du liti makt fær du lite friheit og Eg kvider mot te seia kva eg meinar Så er det noko åfått med alle desse ting Og visstnok er det så med dei fleste Ver nøgder med luten din om han er no ring Og tenk deg at ditt er det beste Og når du drikker vatnet så tenk at det er vin Og når du slakter kalven så tenk at det er eit svin Det er tanken som gjere det meste