Vamp - Oles vise lyrics

Published

0 196 0

Vamp - Oles vise lyrics

Så nøre eg atter ein nying I skyggen av Akershus Ein tanke før sol e eg våken Og lunke litt grut i mitt krus Mitt bål e den førsta lampå Som gløde i søvnens by Men over meg svulme ein himmel Alt svanger med kommande gry Se skipenes strenge skyggar Snart står de i klar profil Med baugar som glefse mot fjorden Og hungre mot salte mil Hørr, fuglane våkne i muren Der fløy alt de første vekk Ja, stakkars de må vel på arbeid Som gutta på Akers mek Som dei har eg slitt så det kjentes Og nappa dun av mitt bryst Men nå har eg blitt så gammal Og leve som Ole har lysst Sitt stilt og skrem ikkje småfuglen De pleie å komma her nå De vett eg har brød i lommå Og vett at de pleie å få Og brødet det fekk eg av Hansen Ein ærlig stavangermann Som stjele litt snadder i bysså Og gir meg sånn dann og vann Ellers så plukke eg blomster Og pynte på Gullfiskens bord Iblandt vanke salt kjøtt og erter Iblandt vanke venlige ord Og fange eg ål under bryggå Då selle eg ålen te Nils Og sette meg høgt opp på vollen I fred for å nyta min pils Der flamme blomster i graset Og der syns eg verden e god Især når eg kan kjenna våren Igjønå kvert hål i min sko Men nå har visst byen blitt våken Se kranane strekke hals Snart myldre alt folket mot lyset Og kverdagens vettlause vals Då søke Ole te skyggen Av parkens barmhjertige tre Konstabelen riste på håve Men lar meg få bli der eg e Farvel, eg må børsta av jakkå Og gnukka litt lort av min hud For eg e ein svært gammal herre Og rein vil eg møta min gud