Smilefjes, Smilefjes Har du det bra i dag? Me har mange gode minner Frå mangt eit lystig lag Smilefjes, Smilefjes Sei meg, koss står det til? Eg kan gjerne komme over Om det er det du vil Har du bakt ei kake? Har du dårleg tid? Ser du deg tilbake På det som er forbi? Les du Kant og Hegel? Lærer du deg polsk? Har du knust ein spegel Og er litt melankolsk? Smilefjes, Smilefjes Har du det bra i dag? Me har mange gode minner Frå mangt eit lystig lag Smilefjes, Smilefjes Sei, er du like heil? Eg synest eg såg ei tåre Men du seier eg såg feil Har du gått ut døra Utan å få svar? Har du lagt av børa? Gjer du deg kanskje klar? Sei meg kva som hende Sei koss det er fatt Dei lysa som me tende Brenn òg ei vinternatt Smilefjes, Smilefjes Har du det bra i dag? Me har mange gode minner Frå mangt eit lystig lag Smilefjes, Smilefjes Sei, er du like heil? Eg synest eg såg ei tåre Men du seier eg såg feil