Tom Roger Aadland - Kjærleik sette oss fri lyrics

Published

0 81 0

Tom Roger Aadland - Kjærleik sette oss fri lyrics

Somme er ranke, somme er reine Somme sparar seg og ventar på den eine Somme har skore heilt ned til beinet Alle har eitkvart dei må gjere åleine Trua sette meg fri Men det var tvilen, tvilen Som fekk meg på glid Trua sette meg fri Men det var tvilen, tvilen Som fekk meg på glid Eg trur på englar – og på demonar Eg trur at ein kan bli forløyst av ord og tonar Eg trur på sjansen, på ein av millionar Eg trur på tog som forlatar stasjonar Ein dag skal eg sanne mine synder Ein dag skal eg gjere bot Ein dag skal eg seie opp min formyndar Eg berre sit og samlar mot Treng ikkje tittel, treng ikkje ramme Treng ikkje fikse på ei einaste skramme Treng ikkje halde noko over open flamme Treng berre vite kor lynet vil ramme Trua sette meg fri Men det var tvilen, tvilen Som fekk meg på glid Trua sette meg fri Men det var tvilen, tvilen Som fekk meg på glid Du var den første, du var den beste Eg hadde berre litt for mange ting å teste For mange naglar å slå i, for mange vaierar å feste Når båten går, får du vente på den neste Kjærleik sette oss fri Men det var venskap, venskap Før du blei mi Kjærleik sette oss fri Men det var venskap, venskap Før du blei mi