Det var i ei anna tid, ei med slit og blod Alt svart det var ein dyd og det var gjørme der eg stod Eg kom inn ifrå villmarka, ein skapnad i ei sky "Kom inn", sa ho, "Og bli her til stormen dreg forbi" Og om eg kjem forbi her att, kvil du trygt i fred Eg vil alltid gjera alt eg kan, dei orda står eg ved I ei stål-synt verd der kvar mann kjempar for å finna ly "Kom inn", sa ho, "Og bli her til stormen dreg forbi" Ingen av oss sa eit ord, me hadde ingenting å gje Alt låg enno uløyst av det me stridde med Prøv å sjå framføre deg ein stad som gjev deg ly "Kom inn", sa ho, "Og bli her til stormen dreg forbi" Eg var avkrefta og utbrend, av hagl var eg dekt Forgifta i eit kratt og slått til marka der eg gjekk Jaga som eit krypdyr, skamfaren i ei li "Kom inn", sa ho, "Og bli her til stormen dreg forbi" Brått snudde eg meg og der såg eg henne stå Med sølvarmband om handledda og blomar i sitt hår Så varleg kom ho opp til meg og tok tornekrona mi "Kom inn", sa ho, "Og bli her til stormen dreg forbi" No er det eit stengsle der, noko manglar mellom oss Alt vart litt for sjølvsagt, signala gjekk i kross. Å tenkje at det heile byrja ei anna tid "Kom inn", sa ho, "Og bli her til stormen dreg forbi" Lensmannen går berrføtt, presten kjem til hest Men det gjer kje særleg skilnad, det er domen som tel mest Og gravaren er einøygd, eit audt horn blæs han i "Kom inn", sa ho, "Og bli her til stormen dreg forbi" Eg har høyrd på nyfødde som illskreik der dei låg Og gamle menn med brotne tenner som kjærleiken oversåg Om eg skjønar kva du spør om, mann, er alt vonlaust all mi tid? "Kom inn", sa ho, "Og bli her til stormen dreg forbi" Dei trekte lodd om kleda mine oppi åsen der Eg kjøpslo om mi frelse og dei gav meg meir enn godt er Eg baud dei på mi uskuld, eg kjende spotten svi "Kom inn", sa ho, "Og bli her til stormen dreg forbi" Vel, eg bur her i eit framandt land, men eg kryssar grensa snart Det skjøne finn du på ein knivsegg, det har eg erfart Kunne eg berre skru attende tida til då Gud og ho vart fri "Kom inn", sa ho, "Og bli her til stormen dreg forbi"