Tom Roger Aadland - Du gjer meg einsam når du dreg lyrics

Published

0 92 0

Tom Roger Aadland - Du gjer meg einsam når du dreg lyrics

Eg såg kjærleik ved mi dør Han har aldri vore så nære før Aldri har han glidd så fint min veg Eg skaut i mørkret, rett og slett Det er vrangt, som ikkje er rett Du gjer meg einsam når du dreg Drakeskyer i det blå Alt eg ikkje tenkte på Kjærleiken slo nedafrå i meg Denne gong er ryggen rak Beint mot målet, rett på sak Du gjer meg einsam når du dreg Kløverblad og klostersaum Ditt raude hår som i ein draum Eg kjem på gråten, reint, av deg Eg hugsar kje kva som gjekk av meg, men Du skjemde meg visst bort, min ven Du gjer meg einsam når du dreg Blomar står i vilt flor opp' i lia Grashopper dei syng på kvar ein flekk Elva renn så seint på denne tida Eg kunne bli hjå deg for alltid Og aldri merke at tida gjekk Allting skar seg, på eit vis Alle forhold lagt på is Eg har trødd med feberheite steg Eg veit det er kje nett likt fatt Og kan kje samanliknast, radt Men du gjer meg så einsam når du dreg Du får meg til å undrast kva eg gjer har Eg rotar rundt på eiga hand Du får meg til å undrast kva eg seier Du får meg til å prate med meg sjølv, mann til mann Eg skal finne deg i Sør-Varanger Kautokeino og Stavanger Eg veit at du vil snart forlate meg Men eg ser deg i kvar sky som driv I dei eg elskar, og i alt liv Du gjer meg einsam når du dreg