Endre Kirkesola og Blodsmak - Min Beste Ven lyrics

Published

0 143 0

Endre Kirkesola og Blodsmak - Min Beste Ven lyrics

[vers 1] Kvelden var heit Vi var fri Festen var grom Rosa var mi Eit lite smil, det syntes knapt Men i eit sukk var eg fortapt Himmelen lo og natta song Eg har angra gong på gong Minna er alt eg har igjen Frå natta eg mista min beste venn [vers 2] Rosa var blid musikken gild Midja var smal Dansen var vill Eg gjekk mi veg ei lita stund Der var du med smil om munn Himmelen stilna nattas song Eg ser det for meg nok ein gong Du tok ho med, eg vart igjen Den natta eg hata min beste venn [Chorus] Min beste venn [vers 3] Skogen var djup Rosa var blyg Skjemten vart alvor Leiken vart dryg Du braut deg på, vill av begjær Ho skreik men eg var ikkje der Himmelen veit og natta så Dei minna eg aldri kjem ifrå Heile skogen sto i spenn Den natta eg fann min beste venn [Chorus] Min beste venn [Spoken bridge] I det du ber ditt fadervår, gløym aldri desse ord Tida ho legar inga sår Men ho slettar alle spor [solo] [vers 4] Pulsen var høg Kniven var kva** Halsen vart delt Blikket vart glas Blodet rant varmt og svart i jord Og eg kviskra desse ord: ”Tenk at eg kalla deg min venn Kvar enn du er, eg vonar at du brenn” Men håp vil eg aldri meire kjenne Etter natta eg drap min beste venn [Chorus] Min beste venn