Fram kryler ein kaapeklædd, gullkrynd Mann med Reiv um sin bøygde Skalle; Kaapa er sulka, som hadde han i djupaste Dye falle. «Aa Helvìt-Herre, aa høyr mi Bøn! Eg er ein Konge i Pine; og deg eg søkjer um Hjelp og Løn, for no er eg ein av dine. Mange lika den lette Leik eit rolegt Land aa herja; — eg gav meg Fanden og mannsleg sveik det Folk eg skulde verja. Men sidan rædde dei burt seg dreg og lite signar Verke; og Folke stirer stygt paa meg; det ser Forraadar-Merke. Aa tak det av meg, eg bed deg blidt, du Overherre sanne, so atter eg kann lyfte fritt mi høge Herrepanne!» Fanden skriv i Boki hans Namn og flirer av Hjartegrunnen; so tek han den merkte Drott i Famn og kysser han glad paa Munnen. «Meinsvorin Munn hev ein Svaavelsmak, som alltid eg like kunde. Og vel vere deg som bar mi Sak! Eg trivst der Folke er bundi. No stend du skrìvin med Judas inn; det er den øvste Æra. Men Svidemerke paa Skallen din, med det kann eg Inkje gjera. Det maa deg fylgje i Liv, i Grav, i Sogu og Skuggeheimar; d'er slikt, det læt seg kje svide av i alle Helveites Eimar.»