Arne Garborg - Det vaknar lyrics

Published

0 180 0

Arne Garborg - Det vaknar lyrics

Maanen sloknar i Havsens Eim nede i lægste Sud; Stjernur tryllte i Ørskesveim rapar fraa Himilbru, Vinter gufsar fraa Jotunheim yvi Fjellom Myrk seg sveiper den tunge Nott tett ikring trollsvævd Jord; tomt i Stilla det høyrest Laat, Dvergmaal og døyvde Ord. Lyktemann vaknar og Naa-Ljos blaatt yvi Fjellom Skrattande Skrell av Hovsveins Lur gjeng ifraa Varde-Topp; graatt da livnar i Ufs og Urd Krok og underleg Kropp. Hit skal alt som ned-under bur yvi Fjellom. Vinter-Ljose vaknar i Nord tøygjer dei grøne Bogar, jagar med Sus under Kvelven stor fram sine frosne Logar. skimrar som Sylv og Perlemor yvi Fjellom. Skifter, glimtar i vinraud Glans, ljosnar og av att fell; staalkalde Straalar i isbleik Krans skyt seg fram yvi Fjell, braar og bivrar som Sverd i Dans yvi Fjellom. Ljosken vinn yvi Varde knyter seg der i Knut, gøyser, velter sitt Bivreskin skiftande ut og ut. No stend Halli tjeldprydd og fin yvi Fjellom. Daa no allting er so i Stand, blæs han paa nytt, den Sveinen; — høgt med Brak kjem den svarte Mann, set seg paa Store-Steinen. Augo gløser som Glod og Brand yvi Fjellom. Fram so glider dei Draugar, ranglar med sine Bein; ein Gong gav dei seg Hin i Vald, maa so lide det Mein. Gravsong susar som Vinden kald yvi Fjellom. Kjem so den hoppande Haugbukk, Svartalv og svidde Dverg, Havtroll og Nøkk og den gule Gast og alle som bur i Berg. Hit dei hiver i Sjumils-Kast yvi Fjellom. Sist kjem Trollmann og Kvende hit yvi Aude-Heidar, rid paa Limar og Staur og Stong, mullar so harde Eidar. Fælsleg gaular den Galdresong yvi Fjellom. So er dei samla den heile Hop baade fraa fyrr og no; full er Troll-Kluft og Svarte-Grop, stappa er Tusse-To. Laatt det rullar og Helsingsrop yvi Fjellom. Og som Storm yvi stride Hav vaknar den svarte Songen; Tonar fraa Haug og Tonar fraa Grav helsar og hyller Kongen. Stig og strøymer og stilnar av yvi Fjellom.