Arne Garborg - Bøn lyrics

Published

0 324 0

Arne Garborg - Bøn lyrics

Aa hjelp meg du som hjelpe kann! Du ser kor saart eg strider. Mitt Hjarta trøytt i tunge Band forutan Von seg vrider. Mi Naud eg kann kje ut faa sagt; det vonde fekk so stor ei Magt; so Brand i Barm det svider. Ja hjelp meg du som hjelpe kann! Til deg mi Bøn sender. Du stridde sjølv og yvi vann; du Myrke-Magti kjenner. Mi Naud er stor, min Strid er fæl; ver hjaa meg du som vil meg vel! Daa veit eg alt seg vender.