Arne Garborg - Syne lyrics

Published

0 141 0

Arne Garborg - Syne lyrics

«— Nei Mor, det kann du tru med Lit; eg miste korkje Hugs hell Vit. D'er ingin Draum eg fèr i. Nei; vel eg veit, for fyrste Gong eg saag inn gjenom Glytten trong inn i den andre Verdi.» — «Daa fekk du Feigmanns-Gjerdi.» «Syt ikkje, Mor, for Veslemøy! Det er kje eg som burt skal døy og meg i Naa-Ham hylja. Men Morbror hev me mist i Kveld. Eg møtte han i Grave-Dæld. Han skein som Moreld-Bylgja.» — «Gud vil honom naadig dylja.» «Det myrkna yvi Haug og Heid, og Skùming dulde Lengd og Leid. Eg gjekk med Gud i Tankar. Daa vart det stilt som djupt i Grav. Det var som Verdi sovna av For Øyro Blode bankar …» — «Alt Dult i Myrkre vankar.» «Eg vart kje rædd. Eg undrast smaatt... Daa ljosna fram av tette Nott ein Mann i Manneskins-Lakan. Eg kjend' han vel og venta stilt. «Far vel,» han kviskra kvævt og mildt. Og burt i Lufti rak han.» — «Gud i din Himil, tak han!» «Daa var det som eg lukta Lik; og høgt i Heidi gól eit Skrik. Eg vitlaus vart og fæli og sprang i Ørska villt min Veg, til glad eg her fekk finne deg. Men Minne er eg sæl i.» — «Gud æveleg glede Sjæli!»