Smaa-Sporven gjeng i Tune og tippar Korn og ribbar Straa og hev so god ein Une og lær aat Katten graa. Pip, pip, det so seg lagar alle Dagar, at Monsemann meg jagar, men kann meg aldri faa. Eg er so lett paa Vengen, og Mons maa sleikje seg um Trut; kvitt, kvitt, den gamle Drengen, han fekk so mang ei Sut. Og um i vide Ringar Hauken svingar, eg burt meg kverv og kringar og slepp av Leiken ut. Eg lìver Dagar lette og er fornøgd, aa ja, aa ja! Kvar Dag eg fær min Mette som eg det best vil ha. Pytt, pytt, kven spỳrr um Føda? Nok i Løda! Der ligg den rike Grøda; der kann eg berre ta'. Og tidt eg fær i Joli ein Godbit fin av Veslemøy; og frys det, hev eg Skjol i det gode varme Høy. Og so — kvitt-kvitt, Gomaar'n! so kjem Vaaren; daa fri paa Vengen borin eg byggjer Reir paa Øy.