Arne Garborg - Mot Soleglad lyrics

Published

0 121 0

Arne Garborg - Mot Soleglad lyrics

Det stig av Hav eit Alveland med Tind og Mo; det kviler klaart mot Himilrand i kveldblaa Ro. Eg saag det tidt som sveipt i Eim bak Havdis graa; det er ein huld, ein heilag Heim, me ei kann naa. Ho søv, den fine Tinderad i Draume-bann; men so ei Stund ved Soleglad ho kjem i Brand. Naar Dagen sig som Eld og Blod i Blaae-Myr, det logar upp med Glim og Glod og Æventyr. Det brenn i Brè og skjelv og skin med Gullan-Bragd, og Lufti glø'r i Glans av Vin, Sylv og Smaragd. Men av han døyr, den bleike Brand som slokna Glod, og klaart som fyrr ligg Alveland i kveldblaa Ro. Eg lengta tidt paa trøytte Veg der ut til Fred; men Lande fyrst kann syne seg, naar Sol gjeng ned.