Arne Garborg - Lage lyrics

Published

0 213 0

Arne Garborg - Lage lyrics

Aa hau deg og hei, no tek Fela i, og ho lær og læt, og ho syng og græt; aa kom, aa kom no, du Gjenta mi, no skal me sulle saman. Aa lengi gjekk me no kvar for seg og lengta so langt og tenkte so mangt; no hev du meg her, og no hev eg deg; det er so godt eit Gaman. Aa hugsar du sist paa den grøne Eng; eg sneidde og slo, du breidde og lo, so sat me kvilte paa Moseseng; aa du, det var blide Dagar. Eg saag paa deg og du saag paa meg, og me lo so godt og forstod so godt; eg tenkte med meg: dette jamnar seg, og sidan seg allting lagar. Aa ja, du Gjenta mi, det er so lang ei Tid; eg segjer fritt, og tenkjer tidt: aa var me no alt paa Veg! Her er so leidt og kaldt, og d'er so langsamt alt, men hadd' eg ho eg meiner no, so sytt' eg kje meir for meg. Aa hei! lat oss danse med' Dansen gjeng! No Soli ho snur, og Joli ho snur; lat gaa det paa Kar, lat gaa det paa Spreng! No gjeng det paa rette Maate. Til Vaars, kven veit, stend ein annen Dans; hei! det skal bli Stell, hei! det skal bli Smell; ja daa skal me leike forutan Stans, aa du, so glade og kaate. Og rundt dei sviv i laage Rom med Hopp og Hiv og Fele-Ljom, og Guten rak i faste Tak si staute Gjente svingar. Dei stormar paa med Kast og Spenn fraa Kraa til Kraa so Duren stend; og Drengen blid med Drosi si um sæle Hjaasvæv' tingar. Men Gjenta vâr med Smil og Spott gjev snøgge Svar til Glis og Laatt; og Øle renn, og Blode brenn, og Slaatten kved og klingar. Haugtussa ho sit i myrkaste Kraa og ser paa og myler og mumlar; ho ser det dei andre ikkje kann sjaa, som villt seg i Dansen tumlar. I Stogo det kryr med alle Slags Dyr! dei hoppar som Skuggar og flyg og flyr. Kvar ein og kvar ei hev Vardyvle sitt, det fylgjer so trugi sin Herre; det eine er svart, det andre er kvitt, eit stygt og det andre verre. Aa kunde dei sjaa! dei fælte visst daa og Vondskap og Villskap seg vende fraa. Han Topp-Ola Leite strokin og stram, som sviv der med Midja den svange, han hev til Fylgje ein Haneham med Sterten og Sporane lange. Han Daase-Per Skau, han heve ein Sau, og sløge Jo Bliland hev Revon raud. Han Late-Knut Aase, Likesæl-Knut, maa fylgjast med Feitsugga fæle; han Andrias Haaland, den Gjentefut, hev Bukken hoppand' i Hæle; men søtmælte Svein, som gjeng der so rein, hev Vargen den graa' med dei lange Bein. Med Slurve-Jens fylgjer ein utsvelt Gamp, han fekk korkje Høy eller Vatten; og Bjørnen er med han Sterke-Lars Kamp; men Haale-Jakop hev Katten. Han Kristian Skar vil vera slik Kar, men Hare-Pus spring i hans Fotefar. Ho Skravle-Guri, ho hev ei Geit med Horni som kvast kann rispe; med Rund-Malli hoppar ein Smaagris feit, og Berit Floks hev ei Tispe; ho Mari der nord, ho heve ei Skjor; ho Langskankle-liakkel hev Merri stor. Ho Maren og Mette og Lisabet og Stine fraa Storlirekke-Møne og Jòrina Klopp og Olina Klett, dei hev berre kvar-si Høne. Men Megga fraa Aas, med Sylv under Laas og Garden aaleine, ho hev ei Gaas. So leikar dei rundt i lysteleg Dans, paa tvo Bein og andre paa fire; det svingar med Arm og sveiver med Svans; det dissar i Stokk og i Spire. Daa høyrest det Traakk. Inn støler ein Flokk . . . Jau no skal me sjaa her vert folksamt nok! Huldri or Haug. Tuft og Dverg og Draug, Bøyg og Bustetroll bykser inn i Koll; lufsar i Kring lett som inginting, kravlar upp paa Kant og Kiste; lempar seg Rom midt i Staak og Ljom, dansar der i Kraa; ingin kann det sjaa; Gryte og Kjel, Horn og Tussespél læt ein Laatt som ingin visste: Vatsdrope-Klunk, Bekkje-Surl i Jord, Vindgraat av Vest, Baaresus av Nord, Kviskring i Kraa, Dùn av døyvde Ord, Kvasl av Lauv, som fell fraa Kviste . . . Sulle no, tulle no, Graakall og Graakulle, tulle no, sulle no, svævd er Sol; humpe no, hoppe no, Graatopp og Graatoppe, hoppe no, humpe no, hau! d'er Jol. Bummel, Bammel, Rokkedans og Rammel, myrkt fraa Berg til Blaane. Bammel, Bummel, Rangedans og Rummel, sløkt er Sol og Maane. Og villt og villare, hei! det gjeng, hei! kringande deg, hei! svingande deg, no gjeng det paa Kar, no gjeng det paa Spreng, no gjeng det forutan Maate. Og aldri saag du slikt Hurlumhei med Sveim og med Staak, med Bræl og med Braak; [ 54 ] det durer i Natti paa langan Leid, og dei er fulle og kaate. Tingel, Tangel, Rumledans og Rangel, Brak i Bjørnekjole . . . Og her er Guten, aa hei og haa! gjenom Berg og Fjell, gjenom Os og Eld! aa vil du meg ha, so kann du meg faa; eg fær naar eg berre peikar. Aa kom med Truten, aa haa og hei! slik drusteleg Dreng kann du faa i Seng; det finst kje slik Kar um til Rom du reid; aa ser du kor lett han leikar. Tangel, Tingel, Vavredans og Vingel; godt og myrkt i Joli . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . — Veslemøy sit som tryllt og glor, og tungt av Barm ho andar. No gjeng det baade ned og nord; for Troll og Folk seg blandar. Og Ljosi dovnar. Myrkre meir og meir seg saman ringar. Tussar tumlar seg fleir og fleir. — So stryk det upp med Springar: Aa gjævaste deg, eg giljar for deg, aa sulla med meg i sudeli-dudelidei Venaste deg, aa venta paa meg, no kjem eg til deg i dudelelidei. Aa hildrande du, no vil eg meg snu og byggje og bu i Haukeli-Haukeli-hei. Gildrande du, med meg skal du bu, og rokken din snu i Haukeli-hei. Ragg skal du spinne, Traad skal du tvinne, Sokk skal du binde, surelilei; eg skal deg sulle, stelle og stulle, hyggje og hu- delideia! Vev skal me renne, Rev skal me vende, Brisk skal me brenne, surelilei; Vogga skal knaka, Reinknok skal smaka, Braud skal me bak- elibeia! Aa gjævaste deg! aa gilja til meg, og sulla med meg i sudeli-dudeli-dei; venaste deg, aa venta paa meg, no kjem eg til deg i dudeli-dei . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Mjukt som i Graat tonar Harpelaat, lokkar lett og linn liksom Sumarvind, voggar seg blid, strøymer sterk og fri, svævest av i Draum og Stille; vaknar so spakt, velter fram med Magt, brusar upp i Brand liksom Marm ved Strand; søtt som i Blund stig ein f*ger Lund, elskhugvarm, med sorgblid Trille . . . Fram dansar ein Haugkall f*ger og blaa med Gullring um Haaret som fløymer; han giljar for Veslemøy til og fraa, og Tonar ikring honom strøymer. Aa hildrande du! Med meg skal du bu, i Blaahaugen skal du din Sylvrokk snu. Um Dagen er eg den brune Bjørn, som bykser i Skogane vide og laugar mitt Ragg i djupaste Tjørn og va**ar i Straumane stride og leikar i Strand og raar yvi Land, so langt som ditt Auga det timja kann. Men naar det lid til Midnettes Bìl, og Dagen i Haug er gjengin, daa høyrer du Klunk og yndelegt Spel som linnaste Lokking fraa Strengen; daa kjem eg til deg fraa villande Veg og søv i din Arm, til det vekkjer meg. Men du skal sitja i Blaahaug Brur i Silke og Sylv so det bragar, og aldri kjennast saar eller stur i alle dei Lìvedagar. Aa hildrande du! Med meg skal du bu, i Blaahaugen skal du din Sylvrokk snu. Han rettar ut si bleike blaa Hand; ho skjelv av Uro og Otte. Men daa den Møy skuld' kysse den Mann, daa hadde han Munn som ei Rotte. «Aa Jesus» — Ho bed um Frelse og Fred og sig i Uvìt av Benken ned.