Arne Garborg - Kvelding lyrics

Published

0 91 0

Arne Garborg - Kvelding lyrics

Snøen fell i graae Kveld stilt or mjuke Lufti. Stilt og tett, lint og lett; legg som Dunseng mjuk og slett dunkvit yvi Tufti. Veslemøy vondlar Høy i den myrke Løda. Nisselaatt kvìsar smaatt; Tuftekall seg likar godt, naar Buskap fær si Føda. Gamall Kar han er i Gard; strengt han all Ting agtar. Fylgde blid fraa fyrste Tid med i baade Stræv og Strid; og helst han Fjose vaktar. Difor òg veit han fjaag kva han hev i Vente. Graae-Kropp, Raude-Topp kvar den Kveld sin Mjølke-Kopp fær av snilde Gjente. Mat ho ber til Kui kjær, og kvar og ei ho kjæler. Gjerne ho stullar so: alltid var ho dyregod og aldri for Nissen fæler. Varme Brunn til tyrste Munn hit fraa Eldshus ber ho. Fær so snøgt Ljos i Lykt, mjølkar Kui lognt og trygt; og breddfull Bytta fær ho. Stelt og god Kui so roar seg til Nattenn'. Jortar smaatt, legg seg godt; Tuften kjem med enn ein Dott; dansar so med Katten.