Arne Garborg - Kravsmannen lyrics

Published

0 90 0

Arne Garborg - Kravsmannen lyrics

Ho ligg um Natt i Benken sin og lyder paa den tunge Vind, som læt og græt um Stova. Og Timar sig so smaatt um Senn. Ho frys og skjelv og stundom brenn; og aldri fær ho sova. Som so ho ligg der mod og ør, det bankar hardt paa Ute-Dør, og henne just det varar. Ho upp og ut og kring seg ser. Er Folk paa Veg i slikt eit Vêr? — Ho spỳrr, men ingin svarar. Tri Gongir slik ho fara maa; men inkje Liv der er aa sjaa. Daa maa ho ottast Faare. Ho breider seg i Benken ned, og so med Munnen att ho bed tri Gongir Fadervaare. Som der ho ligg i Sveitelaug, paa Golve blaanar fram ein Draug som upp av Jordi skotin. Han stend og stirer still og kvit. So hinkar han aat Sengi hit; tungt dreg han eine Foten. Av Rædsla nòmi ligg ho kald og kjenner seg i Daudmanns Vald, og Halsen inn seg snører. Den daude med sin valne Arm fùmlar seg inn aat strøypte Barm og ved det Bein-Bròt rører. «D'er mitt, d'er mitt,» han mullar haas; «du braut den sterke Vigsle-Laas og stal mi Kneskjel-Spilre; kom att, kom att, legg Beine ned; fyrr fær eg ikkje Kvile-Fred, men maa som Dauding vildre.» Han kverv; og smaatt ho vaknar or og graatande hjaa Gamlemor i Storeseng seg gøymer. Til henne alt ho segja maa. Daa finn ho Ro; daa ser ho Raad. Og snart i Svevn ho drøymer. Men ute Vinden strøymer.