Ho stend for Glase, der Regne dryp. Ved Barmen hev ho ein Daudingklyp. Daa vaknar paa nytt det kalde Agg; ho paa seg riv sine Kyrkjeplagg. I Linduk legg ho den Beinstubb inn og hastar til Kyrkja i Skodd og Vind. Der grev ho aat Beine so trygt eit Reir. Men daa ho skal sjaa, ho hev det kje meir. Som klumsa stend ho; leitar og bed; men burte er Duken, og Beine med. Daa kolnar ho burt, daa er ho kje glad; ho grev og leitar paa all den Stad. Ho grev og leitar med ville Mot; ho grev til det blø'r under Naglarot. Ho leitar til Handi er blaa og stinn; men burte er burte. Ho inkje finn. Daa tuslar det burte i Kyrkjegardskrok. Der stod ein Graakall, i Laatt seg skok. «Det skal du ha, du! haa-haa! hi-hi! — I Gaarkveld gløymde du Mjølki mi!» Burte er han paa lette Legg. Vinden yler um Kyrkjevegg. Einsleg stend ho i raadlaus Gru; Vinden dundrar i Kyrkjebu. Det javlar i Jordi, ned-døyvt, stridt: «kom att med Beine . . . med Beine mitt . . .» Ho veit ikkje ut, ho veit ikkje inn; Skodda myrknar um Kyrkjetind. Av Grav seg tøygjer ein Arm so lang . . . Ho skrik av Rædsle og sèt paa Sprang.