Arne Garborg - Haugtussa lyrics

Published

0 178 0

Arne Garborg - Haugtussa lyrics

Ein Dag dei spurde med Kolning um Munn, at Mannen var daain i same Stund, ja nett i den same Time. Daa skalv den unge i Hùg og Hold: «no maa eg sjaa baade Draug og Troll og Gasten med Haari lange.» «Gud trøyste deg daa, du Veslemøy; det vøre deg betre du maatte døy, so fingje du Fred i Jordi!» «Aa heller vil eg med Augo sjaa, enn dauv og blind gjenom Verdi gaa og ikkje det sanne skilja!» — Sidan saag ho i Haug, paa Voll, baade Nisse og Nøkk, baade Draug og Troll og Gasten med Haari lange. Tidt mullande gjekk ho med myrke Ord og skræmde stundom si eigi Mor; dei sa ho vanta paa Vìte. I Lyngmarki nord millom Haugar tri, der gjekk ho gjætte si meste Tid. Og Haugtussa vart ho heitand'.