Aa Dokka, Dokka, snilde Kui mi! naar Graaten kjem i desse Dagar seine, so kom og kjæl meg du med Kinne reine; du er so god; du er so hjarteblid. Ja berre du meg fylgjer her i Lid, so er eg endaa ikkje reint aaleine. Og kjære seg meg, trur du det er Von . . . Seg, trur du eg maa tenkje paa han Jon? —