Arne Garborg - Blaabær-Lid lyrics

Published

0 135 0

Arne Garborg - Blaabær-Lid lyrics

Nei sjaa kor det blaanar her! No maa me roe oss, Kyra! Aa nei, slike fine Bær; og dei som det berre kryr a'! Nei Maken hev eg kje sét! Sùmt godt her er daa til Fjells. No vil eg eta meg mett; her vil me vera til Kvelds. Aa nam-nam, so søtt og godt! Ja naar det slik seg lagar! — Og allestad blaatt i blaatt! Her hev eg for mange Dagar. Slik Smak so frisk og so fin! Eg er som paa Kongens Slott. D'er plent som den beste Vin; aa nam-nam, so søtt og godt! Men kom no den Bjørnen stor! — Her fekk bli Rom aat oss baae. Eg torde kje segja eit Ord til slik ein rysjeleg Vaae. Eg sa berre: ver so god; no maa du kje vera bljug! Eg læt deg so vel i Ro; tak for deg etter din Hug. Men var det den Reven raud, so skuld' han faa smaka Staven; eg skulde banke han daud, um so han var Bror til Paven. Slikt skarve, harmelegt Sleng! Han stèl baade Kje og Lamb. Men endaa so fin han gjeng og hev korkje Agg hell Skam. Men var det den stygge Skrubb, so arg og so hol som Futen, — eg tok meg ein Bjørkekubb og gav han ein god paa Snuten. Han reiv sund Sauir og Lomb for Mor mi so traadt og tidt; ja sant! um han berre kom, so skuld' han so visst faa sitt. Men var det den snilde Gut der burte fraa Skare-Bròte, — han fekk vel ein paa sin Trut, — men helst paa ein annan Maate. Aa Tøv, kva tenkjer eg paa! Det lid nok paa Dagen alt . . . Eg maa til Buskapen sjaa; — ho Dokka drøymer um Salt.