Kor blei det av alt så eg aldri fant
Men lengta itte å få?
Va det sant at Soria Moria brant
Om kvelden bak Berget det blå?
Bak Berget det blå song fuglane støtt
Og solå gjekk aldri ner.
Va det sant at høyet va mærre søtt
Og villgraset grønnare der?
Nei, livet låg og blenda blikket
- tett innpå meg, her og nå!
Og dagane lyse på denne siå
Av løgnå om Berget det blå.
Det va ikkje sant at eg aldri fant
Drømmen bak Berget det blå,
For Soria Moria låg og brant
I alt så eg peikte på.
Ja, livet låg og blenda blikket
- tett innpå meg, her og nå!
Og dagane lyse på denne siå
Av løgnå om Berget det blå.