Eg skulle gjerne sett deg vel av garde Kor enn du tenkjer reise no i kveld Eg skulle gjerne late tvilen fare Men kan kje fri meg for han likevel Eg skulle gjerne sagt du gjer det rette At du kjem til ein annan, betre by Men koss eg enn ser på det, gjenstår dette Når du kjem fram, så treng du meir enn ly
For det som me har saman, det er ekte Den kjelda som sprang mellom oss, var klår Du veit det godt, det står kje til å nekte Du finn kje betre veg enn vegen vår Men om du dreg, når alt er sagt og gjort Finst du i meg, du reiser aldri bort