Alle hadde sett sin lit til deg
Alle ville ha ein bit av deg
Alle skulle preike skit med deg
Alle seier dei snart bryt med deg
Alle sa dei var i takt med deg
Alle hadde gjort ei pakt med deg
Alle gjekk i same drakt som deg
Alle er fulle av forakt for deg
Alle la seg nasegrus for deg
Alle reiv i eit glas juice på deg
Alle kom som i ein rus rundt deg
Alle stod og ropte fus for deg
Alle prata om ein deal med deg
Alle samla på ei fil om deg
Alle stilte i profil for deg
Alle som lek som ein sil om deg
Alle kvinner gav seg hen til deg
Alle bruer stod i spenn for deg
Alle sjansar kom igjen til deg
Alle ofra sine menn for deg
Alle klauv opp på ein kross for deg
Alle heiv seg i ein foss for deg
Alle ropte høgt og slost for deg
Alle ønskte kome kloss på deg
Alle ønskjer det var over no
Alle vil helst berre gå til ro
Alle angrar på kor hen dei stod
Alle her som er av kjøt og blod
Alle
Absolutt alle