"Eg treng noko tungt", sa han, "Til å halde meg fast
Eg er lett som ei fjør no, eg treng til ballast
Sei meg nokre ord, du, dei tyngste du kan"
Ho tenkte seg om litt, og sa, "Du er min mann"
"Eg treng noko lett", sa ho, "Til å løfte meg opp
Det kan vere av sjel og det kan vere av kropp
Nemn meg ein grunn, du, som kan setje meg fri"
Han tenkte seg om litt, og sa, "At du er mi"
Stjernene blenkjer, månen heng bleik
Eg går og tenkjer på under og teikn
Eg ser på ei stjerne, eg høyrer ein bil
Ein dur i det fjerne, som min svinnande tvil
"Eg treng noko lett", sa ho, "I denne verda av bly
Som kan halde meg oppe til min morgon gryr"
"Eg treng noko tungt", sa han, "Eg treng det så sårt
La oss gå ned i dalen og sjå alt som er vårt"