Eg står her oppå vindauget ditt
Visst har eg vore her før
Eg kjenner meg så harmlaus
Eg ser rett på di andre dør
Koss har det seg at du ikkje har sendt eit svar?
Du veit eg treng din kjærleik
Kjære, korfor er du så hard?
Tilbake under taket ditt
Eg blir ei stund, slik det ser ut
Eg grunnar på portrettet ditt, men
Er vanhjelpt som ein pappagut
Koss har det seg at eg blir avvist av din leigekar?
Du veit eg treng din kjærleik
Kjære, korfor er du så hard?
Som ein hoffnarr går eg rundt
Og du veit godt at her er lytt
Men er hjartet ditt av stein, eller er det kalk
Eller er det berre pur granitt?
Vel, eg fyk inn i entreen
Og eg lener meg mot døra di så mjuk
Eg ser på skorpionen
Som kryp rundt som på sirkus på sin buk
Kva er det du er så redd for at eg skal ta?
Du veit eg treng din kjærleik
Kjære, men du er så hard
Ak**es står i bakgata
Han skryt av at han vil eg skal gå
Han peikar opp mot himmelen
Han er svolten som ein mann med kjole på
Koss har det seg at du har drege ein som han til gards?
Du veit eg treng din kjærleik
Kjære, men du er så hard