Gravferdsmannen angrar seg
Organisten vel ein einsam veg
Saksofonane av sølv ber meg gje slepp på deg
Kvar brostne bjølle, kvar bla**e lur
Hånar meg for min utur
Men eg blei kje fødd
Om nokon trur, til å gå glipp av deg
Eg må ha deg, må ha deg
Eg må ha deg, nett no
Kjære, eg må ha deg
Den drukne pampen hoppar til
I gata der kvar mor græt stilt
Og frelsarane som søv mildt, dei ventar deg
Og eg står med min kopp med skòr
Og drikk medan eg ventar på
At ein av dei
Skal be meg gå og hente deg
Eg må ha deg, må ha deg
Eg må ha deg, nett no
Kjære, eg må ha deg
Som fedrane, dei tapte seg
Forutan sine kjære
Mens døtrene, dei hundsar meg
Fordi eg lèt alt vere
Eg skal dra til Spar Dam ganske snart
Mi kammerfrøken der er smart
Ho veit eg treng ein heilt ny start, ho ser det vel
Ho er snill som få
Og det er ingenting ho ikkje vil forstå
Ho veit til kven eg helst vil gå
Men kva gjer det vel?
Eg må ha deg, må ha deg
Eg må ha deg, nett no
Kjære, eg må ha deg
Og ditt dansande barn i kinesisk drakt
Eg tok seljefløyta hans med makt
Det var som om noko fór, som sagt, i meg
Men eg gjorde det fordi han laug
Fordi at alt han sa deg, saug
Og fordi solnedgangen hans var raud
Og fordi eg..
Eg må ha deg, må ha deg
Eg må ha deg, nett no
Kjære, eg må ha deg