Bøtter med regn
Og tårer med
Eg veit kje kor lenge det har bøtta ned
Bøtter med månestrålar du meg gav
Eg har all den kjærleik du kan
Klare av
Eg har vore mjuk
Og hard som eik
Eg har sett fine folk gå opp i røyk
Vener dei kjem, vener stryk på dør
Viss du treng meg, er eg her
Slik som før
Smilet ditt
Og fingrane små
Måten du rører lippene på
Blikket svalt, eg likar alt ved deg
Eg likar alt som gjer meg så
Ulukkeleg
Lita raud kjerre
Liten raud bil
Eg apar ikkje, men eg veit kva eg vil
Eg vil kjenne sakte at du elskar meg
Eg tek deg med meg, skatten min
Når eg dreg
Dagane
Er tomme og grå
Alt du kan gjera er det du må
Du gjer det du må gjera og du gjer det godt
Eg gjer det for deg, det har du
Vel forstått?