Du mørke, underlege hav!
Eg veit ei, kva det kjem av
Dit djupe øye dreg meg
Eg undrast, men forstår deg ei
Eg forstår deg ei
Havet stormar
Hadet dormar
Syng over øya sin dårande song
Havet rullar
Havet som sullar
Voggar guten i sin eventyrtrong
Stundom eg fornemmar
Som var eg, eit med deg
Ditt smil, ditt uendelege raseri
Som der er ingen ende i
Havet som dormar
Havet som stormar
Syng over øya sin dårande song
Havet rullar
Havet sullar
Voggar guten i sin eventyrtrong