Gjentunn' breider der Gutann' slær; so ropar dei til kvarandre og lær. — Me veit, naar det er so laga —. Ja lett det gjeng med Lentur og Fjas paa Vollen der i det fallne Gras. — Me veit, naar det er so laga —. Og skjemte og fjasa, — lat gaa med det; det gjer eg kanskje ein Gong, eg med. — Me veit, naar det er so laga —. Ja tenk um eg raaka den Guten snilde, som ikkje aat Haugtussa flire vilde! — Me veit, naar det er so laga —. Ja skjemte og fjasa, — det skil ikkje meg; men tenk at Gjentunn' vil gifte seg! — Me veit, naar det er so laga —. Um Guten er ven, naar han litin gjeng, so vert han ljot, naar han veks til Dreng, — Me veit, naar det er so laga —. Og endaa um Drengen seg vise kann, so vert han eit Troll so snart han er Mann. — Me veit, naar det er so laga —. Ja tenk! at dei lokkar deim til aa frie!
Og tenk at dei vil til Kyrkje ride! — Me veit, naar det er so laga —. Dei veit dei hev berre vondt i Vente. Men endaa ingi vil gange Gjente. — Me veit, naar det er so laga —. Gjenta hev Moro, Kona hev Slit; men endaa hev dei so lite Vit. — Me veit, naar det er so laga —. Nei fyrr eg vil byte mitt Gjente-Kaar, fyrr gjeng eg og gjæter i hundrad Aar. — Me veit, naar det er so laga . . . Og fyrr eg vil inn i den Suti hard, fyrr gjeng eg og bed meg i kvar Manns Gard. — Me veit, naar det er so laga . . . Ja fyrr eg vil dragast med Barn og Mann, fyrr gjeng eg Fanteferd Land og Strand! — Me veit, naar det er so laga . . . Skjemte og fjasa eit Grand, — lat gaa; men kysse eit Skjegg! Aa langt derifraa! — — Det var, — um det var so laga?