Linnvêr og Sus og skodde-vaatt.
Maaneglyttar i sprengde Nott.
Skodde maaneljos, mjølkekvit
skuggelett velter hit og dit.
Skuggar vaknar og driver av.
Susing syng fraa det stille Hav.
Live drøymer i Trolldoms Bann.
Tung ligg Svevn yvi Land og Strand.
Veslemøy søv i sin Omnskraabenk.
Lint henne vekkjer ein Maaneblenk.
Dvaledøyvd, magtlaus, or Svevnen raadd
Skuggar ho skimtar i Maaneskodd.
Lett under Glas trippar Bukketraav.
Vinden susar med Sukk um Nòv.
Veks og voggar som Tonebrus.
Inn skjelv Song so linn og so fus.
Aa veit du den Draum, og veit du den Song,
so vil du Tonane gøyme;
og gilja det for deg so mang ein Gong,
rett aldri so kann du det gløyme.
Aa hildrande du!
Med meg skal du bu;
i Blaahaugen skal du din Sylvrokk snu.
Du skal ikkje fæle den svale Nott,
daa Røtane gror ned i Jordi;
du saag i Draumen det Maane-Slott
og høyrde dei Leikar-Ordi.
Det frævest i Blund,
det grønkar i Lund,
og Dagen ei kjenner den Sæle-Stund.
Du skal ikkje fæle den mjuke Nott,
daa Draumen slær ut sine Vengir
i linnare Ljos enn Dagen hev aatt
og Tonar fraa stillare Strengir.
Det voggar um Lid,
det svævest av Strid,
og Dagen ei kjenner den Sæle-Tid.
Du skal ikkje fæle den djupe Nott,
som søv under svivande Eimar
og ser gjenom Gru og ser gjenom graatt
langt inn i dei draumhulde Heimar
og voggar deg linn
og lullar deg inn
fraa Dagen den trøytte, av Soli blind.
Du skal ikkje ræddast den Elskhug vill,
som syndar og græt og gløymer;
hans Famn er heit og hans Hug er mild,
og Bjørnen arge han tøymer.
Aa hildrande du!
Med meg skal du bu;
i Blaahaugen skal du din Sylvrokk snu.