Aa Stakkar kor du kulsar, du snilde Smalen min,
i dette Ruske-Regne og denne vaate Vind!
Der under Alve-Steinen, der er ei Livdekraa;
der fær du inn-aat kryle og prøve um du maa
Lindring faa.
Men Kui ho vil heim att; det er so stridt eit Jag;
ho hev kje Fred i Marki paa slik ein Regnvêrsdag.
Men tomt det er i Lødo; kva skal me gjera der?
Me fær no heller stogge og freiste um me fær
noko her.
Attunder Rundehaugen, der er kje fullt so stridt;
der fær me trøyte Tidi, du gode Bùje mitt!
Og kanskje Huldri slepper oss inn ei Stund hjaa seg;
ho veit kor vondt me lider i Dag paa Gjætle-Veg,
dé som eg.
Alt tek det til aa renne ned etter Ryggen min;
ufysi er det vaate innpaa det varme Skinn!
Og Foten sokk i Myri, og Hol der er paa Taa,
og vaat og tung vart Stakken; aa snilde Ku, du maa
roleg gaa.
Eg frys, so snart eg fær vel min Styng innunder Barm;
daa lyt eg heim meg skunde til Mor i Stogo varm.
Daa fær eg skifte Klæde og kvile meg ei Stund;
og dé fær Mjøl og Syddre og gode, varme Bruun
aat svoltne Munn!