Den fyste natta me låg i hop
Då kjeldest me og klappast
Den andre natta me låg i hop
Slåst me som hund og katta
Aldri såg eg dagen god
Og aldri fekk eg nattero
For kjerringa
Den tredje natta med låg i hop
Så beit ho av meg øyre
Fjorten dagar etterpå
Eg kunne lite høyre
Aldri såg eg dagen god
Nei, aldri fekk eg nattero
For kjerringa
Så tok eg meg min nye båt
Og rodde til andre sida
Kjerringa tok eit bakstetrau
Og kom fram på samme tida
Aldri såg eg dagen god
Aldri fekk eg nattero
For kjerringa
Så sala eg min gangar grå
Og ville til presten rida
Kjerringa tok ei skabbete merr
Og kom fram på samme tida
Aldri såg eg dagen god
Nei, aldri fekk eg nattero
For kjerringa
Men no er eg så hjartans glad
For no er eg aleine
For kjerringa ligg nede på havsens botn
Og velta på svære steine
No så hev eg dagen god
No så hev eg nattero
For kjerringa