Blåmann, blåmann bukken min Tenk på vesle guten din Bjørnen med sin lodne fell Kan deg taka seint i kveld Gamle Lykle moder di Seint kom heim med bjølla si Så ikring seg ho mund' Sjå Liksom der far fare på Det såg ut som der var naud Kanskje no du ligger daud Tidt du dansa kringom meg Mangt eg rødde då med deg Når eg låg som blind og dauv Grov de på meg med di klauv Ja du ville vekkja meg Opp til leiken din med deg Du var sprek og glad og god All mi ros du vel forstod Tidt du veit eg sa til deg Han veit meir enn mata seg Blåmann, blåmann svar meg no Mekra med ditt kjende ljod Ikkje enno, blåmann min Må du døy frå guten din