Herborg kråkevik - Eg er så glad kvar julekveld lyrics

Published

0 85 0

Herborg kråkevik - Eg er så glad kvar julekveld lyrics

Eg er så glad kvar julekveld For då vart Jesus fødd Då lyste stjerna som ei sol Og englar song så søtt Det vesle barn i Betlehem Han var ein konge stor Som kom frå høge himmelborg Ned til vår arme jord No bur han i sin himmelheim Han er Guds eigen Son Men alltid minnest han dei små Som bed med tru og von Eg er så glad kvar julekveld Då syng me Jesu pris Då lèt han opp for alle små Sitt vene paradis Ho mor ho kveikjer alle ljos Dei skin i kvar ei krå For heile verda, seier ho Skal julestjerna sjå Ho seier stjerna skin enno Og aldri slokna kan Og får ho skina på min veg Då finn eg himlens land Ho seier alle englar syng Enno om fred på jord At himlen like open er Guds kjærleik like stor Å, gjev eg kunne syngja så Då vart visst Jesus glad For eg vart òg Guds kjære barn Ein gong i dåpens bad! Eg er så glad kvar julekveld Så glad i Jesus Krist Og at han også elskar meg Det veit eg sant og visst