Glittertind - Flaumen går, i Noreg er vår lyrics

Published

0 92 0

Glittertind - Flaumen går, i Noreg er vår lyrics

Flaumen går, I Noreg er vår, Bjørka sprett i dalom. Dølakar Traust og hard Rydjer ferdregard. Sjå kor det losnar i alle liom, Skreda fer etter bergesidom. Flaumen går, I Noreg er vår, Og dølan' er det som rår. Frå fjellet rinn Ein bekk så linn Mellom stuv og steinar. Av bekker små Det vert ei å, f*grast du skal sjå. Høyr kor det i vatnet susar, Høyr kor det i fossen brusar! Flaumen går, I Noreg er vår, Og dølan' er det som rår. Bykar stram På gata går fram, Trur han skal oss lære. Men ikkje eg Fær støkk av deg, Sjølv eg rår min veg. Bøndan' er ikkje lenger mjuke, Husbondsretten, han vil me bruke. Retten er vår, Skulda er dår Å lyde Noregs kår. Om seint me kjem, Så er det med klem. Me vil garden rydja. Bondemål, Kvast som stål, Gjev ikkje lenger tol. Norsk mål vil me i Noreg hava, Ikkje lenger med dansken kava. Bondemål, Kvast som stål, Gjev ikkje lenger tol. Blankt som gull Og mjukt som ull Er det norske målet. Som sol på fjell, Som blome-tjeld, Som fuglesong om kveld. Tusen års rot det hev i landet, Tusen år til så skal det stande. Flaumen går, I Noreg er vår, Og dølan' er det som rår. Flaumen går, I Noreg er vår, Og dølan' er det som rår.